Handballspelar kan bli tidenes idrettshelt i Stord IL

Dagleg leiar kan bli århundrets idrettshelt

Skrevet av bjorn

Tidenes idrettshelt skal kårast

Kandidatane er allereie røysta fram. No skal éin vinnar kårast i konkurransen om å bli tidenes idrettshelt i hundreårs­jubilanten Stord IL.

Gjennom heile året har ei gruppe presentert seg i avisa, og det er røysta fram tidenes idrettshelt i kvar idrettsgrein.

No er det tid for å røysta på vinnaren av desse ti, som søndag 7. desember får utdelt den gjæve prisen «Tidenes idrettsnamn på Stord».

Bjørn Lindgård, handball elite

210 kampar og 807 mål. Kom til Stord i 1995/1996 som ein spelar som skulle gje laget eit vidare løft. Det klarte han. Ein skikkeleg publikumsspelar, som akklimatiserte seg fort i gruppa og i samfunnet. Blei den udiskutable kapteinen som styrte mannskapet i mange år.

Ein leiar for spelarane som alltid gav alt. Rå kraft og styrke var kjennemerket. Nådelaus med seg sjølv. Sat eitt år som sportsleg leiar for elitelaget. Fleire verv i regionen. Har trent yngre lag i klubben. Fungerer i dag som dagleg leiar for Stord HK. Spelar fortsatt håndball, men på lågare nivå.

Februar: Her er intervjuet med Bjørn Lindgård etter at han fekk flest røyster

 

Om du vil gi di røyst til dagliege leiar i Stord HK, finn en linken her: http://www.sunnhordland.no/section/stord100