• Foto: Jarle Kaldråstøyl, Bladet Sunnhordland

Tett program i oppkøyringa

Skrevet av bjorn

Bladet Sunnhordland skriver følgende 10. august.

 

4. september er det sesongopning i Sandefjord. Den ferske Stord-trenaren har det travelt med å komma i gang.

Laurdag tek Jonas Sjølin Stord-herrane sitt unge mannskap med til første test i Haugesund. Sjølin stiller ikkje med dei største forventningane.

– Nei, det er mykje nytt og me har ikkje på nokon måte fått samkøyrt oss godt nok. I så måte vert treningskampane mot Haugaland og Viking, både viktige og nyttige utgangspunkt med tanke på den vidare sesongførebuinga, seier Stord-herrane sin ferske trenar.

Han har det travelt med å få ting på plass før seriestarten borte mot Runar, som er ein av puljefavorittane i 1. divisjon denne sesongen.

Helgesamling i Fitjar

Førre helg gjennomførte Stord ei treningssamling i Fitjar.

– Me fekk gjennomført to gode treningsøkter. I tillegg fekk me pressa inn også ei teoriøkt i denne samling, seier Sjølin.

Etter kamphelga i Haugesund går turen til Bergen helga 19.-21. august.

– Der får me testa oss mot lag som Viking, Bjørnar, Bergen HK og Fyllingen sitt andrelag. Desse bør gje oss motstand som passar oss bra med tanke på å få samkøyrt laget fram mot seriestarten. Reknar med at me stiller med to lag i Bergen den helga, seier Sjølin.

Stord-herrane sin første obligatoriske kamp for sesongen kjem 24. august. Då reiser laget til cupmøte med Avaldsnes.

Dagen etter cupkampen har Sjølin lagt inn ei tøff løpsøkt.

– Då følgjer me løypa som vert nytta i Stord rett opp. Det må bli eit krafttak der eg reknar snitt-tida på heile laget. Denne kan seinare verta nytta som samanlikningsgrunnlag ved eventuelle nye testar, seier Sjølin.

Bortebuarproblematikken

Sjølin må rekna med at den utfordrande arbeidssituasjonen lokalt kan få mannskapsmessige konsekvensar utover i sesongen.

– Det skal vel mykje til å unngå akkurat det. Akkurat no er både Nicholas Spratt og Nils Kristian Blom på jobb på Aukra. Korleis det vert vidare er litt usikkert, men me har ein tropp på 16 mann og bør kunna stilla rimeleg bra uansett, seier Sjølin.

Medan utlendingar har vore i fleirtal i troppen dei siste sesongane, er det lokale spelarar som dominerer 2016/17-troppen.

– Klubben har henta to danskar og éin islending, i tillegg til to ungdomar frå Kjøkkelvik. Det er snakk om ungdomar i alder 19-24 år, fortel Sjølin.

 

Tekst og bilder Jarle Kaldråstøyl, Bladet Sunnhordland

www.sunnhordland.no