• Tor Christian stengte buret

Første hjemmeseier i boks

Stor stemning da Stord tok sine første poeng for sesongen

Skrevet av bjorn

Etter første hjemmeseieren for året skriver Bladet Sunnhordland følgende:

 

Etter ei jamn opning på kampen kom Stord seg nokså tidleg nokre mål føre gjestene frå Skien. Sjølv om dei tekniske feila florerte begge vegar, samstundes som eit utal pasningar gjekk rett utover sidelinja, hadde Stord Tor Christian Sæbø i mål. Heimemålvakta plukka ned den eine hundreprosentsjansen etter den andre, og berre i førsteomgang hadde han ei handfull redningar på kontringar frå bortelaget. Til pause var stillinga 12-9, og etter sidebytet heldt Sæbø fram storspelet. Med ein redningsprosent på godt over 50 var han den klart viktigaste bidragsytaren til at Stord fekk innkassert årets to første poeng i 1. divisjon.

– Laget som tel
– Dette var kjekt, å starta på heimebane med to poeng er godt, sjølv om det ikkje såg like fint ut heile vegen, kommenterer midtpunktet på Vikahaugane denne ettermiddagen, som er meir atterhalden om sin eigen innsats.

– Det er sjølvsagt kjekt å visa heimepublikummet at ein fra Stord og kan levera varene, men det er laget som tel. I dag var forsvaret på hogget og meir framme og knuffa på angrepsspelarane, det hjelper meg i målet, seier Sæbø.

Etter stortapet heime mot Nærbø i cupen, som i etterkant av den sigeren har tapt klart mot Follo og Haugaland var det mykje spenning knytt til dagens kamp for Stord. Sæbø seier han ikkje har vore uroleg for at ting skulle losna.

– Eg har heile tida hatt inntrykket av at ting vil falla på plass, og sjølv om det ikkje er det beste laget me møter her i dag, så kjem ting til å berta betre òg i angrepsspelet når me får terpa litt meir skot, lovar keeperen.

Strålande nøgd Sjölin
Hovudtrenar Jonas Sjölin spelte høgreback nær sagt heile kampen, etter kampen la han ikkje skjul på kor viktig desse to poenga var.

– Eg våga ikkje å seia det til spelarane før kamp, men dette var utruleg viktig. No har me knekt nullen, noko som gjev oss sjølvtillit og tryggleik. I dag krigar me og viser kjempeinnsats i 60 minuttar. Å vinna heimekampar vert avgjerande denne sesongen, då me har ein del tunge reiser til bortekampane, som dei sju timane i buss til Runar-kampen sist. Grunnlaget må leggjast heime på Vikahaugane, seier Sjölin.

Han er heilt open om at det ikkje var propagandahandball som vart servert på Vikahaugane denne ettermiddagen.

– Me har mykje å gå på spelemessig, men glimtvis er det greitt, og keeperspelet er jo utruleg bra, fastslår Sjölin.

Sentral Skjærvold
Med seg sjølv på banen store delar av kampen er det assistenttrenar Rune Skjærvold som styrer mykje av det taktiske frå benken.

– Det har aldri vore intensjonen at eg skulle spela så mykje, men eg og Rune har diskutert det og komme fram til at det er det beste slik situasjonen er no. Som høgrehendt er det veldig krevjande å spela høgreback, og ingen av dei andre spelarane våre er vant med dette, fortel Sjölin.

Han har full tillit til at Rune Skjærvold treff dei riktige taktiske avgjerdene frå benken.
– Eg stolar på Rune, og eg har ingen problem med at han styrer byter og liknande utan at alt er heilt avklart med meg, sluttar Sjölin, som kommande veke får ein trøndersk høgreback på prøvespel, noko som kanskje kan letta arbeidspresset på den spelande trenaren noko.

 

Dette ser saken med bilder i Bladet Sunnhordland  http://www.sunnhordland.no/artikkel/sebo-heldt-stengt&loggedin=1