• Michael ble banens beste.

Snuoperasjon! Det ble ikke seier, men vi både vant og tapte ett poeng. 

Skrevet av anhareid

Bladet Sunnhordland skriver dette etter en real snuoperasjon for Stord Elite.

Reiste seg etter heilsvart start

Marco Ellebæk kom inn og stengde buret.

Det gav opptakten til ein real snuoperasjon av Stord-herrane i møtet med Follo.

– I utgangspunktet er me i ein situasjon der me skal vera glade for kvart einaste poeng me tek, seier den tidlegare landslagsprofilen.

Etter opningsomgangen var han både skuffa og betenkt.

– Ja, det var skuffande å oppleva at gjengen ikkje greidde å følgja opp kampplanen. Me hang ikkje saman verken offensivt eller defensivt i denne omgangen. Folk verka stressa og ute av stand til å gjera fornuftige grep. Skuffande, seier Skjærvold.

Seinka skuldrene

Saman med trenar, Jonas Sjølin, må han ha brukt pausen godt.

– Me vart samde om å gå ut og ta skikkeleg grep i kampen. Det synest eg me lukkast godt med. Folk seinka skuldrene og presterte på eit heilt anna nivå enn i opningsomgangen. Det kunne fort ha resultert i to poeng, men me måtte altså ta til takke med eitt. Uansett så var det oppløftande å registrera at gjengen var i stand til å reisa seg og komma sterkt tilbake. Slikt byggjer også sjølvtillit, seier Skjærvold.

Før denne kampen sette trenar Jonas Sjølin som delmål å ta minst fire poeng før jul. Mot Follo kom det eine. Skjærvold meiner Stord må ta minst tre til før julefeiringa.

– Ja, skal me halda tritt med resten, og ikkje komma for langt på etterskot, må me det, seier trønderen som har gjort stordabu av seg.

Kalddusj

Opningsomgangen må ha arta seg som ein einaste lang kalddusj for dei rundt hundre på tribunen. I tillegg til å underprestera drog laget på seg ei rad utvisingsminuttar i rein frustrasjon. I løpet av første kvarteret noterte me berre fire Stord-skåringar.

Det gjorde det ikkje betre at dommarparet heller ikkje var på høgd. Sunnhordlendingane måtte gå til pause med seks mål å ta att i sluttomgangen.

Etter pausen reiste heimeaktørane seg og skapte ny spenning i ein kamp som gjestene hadde dominert.

Marco Ellebæk kom inn i buret og leverte avgjerande redningar som bidrog sterkt til ein snuoperasjon som altså enda med poengdeling.

Her her link til nettutgaven:

http://www.sunnhordland.no/artikkel/stord-klarte-eitt-poeng-reiste-seg-etter-heilsvart-start